Nei til utflytting av statlege arbeidsplassar

Faner

Uttalelse fra NTL Ung-konferansen 2017 24.03.2017:

Nei til utflytting av statlege arbeidsplassar

Regjeringa har i stortingsmelding nr. 18 (2016-2017) Bærekraftige byar og sterke distrikt fremma ein plan for utflytting av statlege arbeidsplassar frå Oslo.

NTL Ung meiner at statlege arbeidsplassar i heile Noreg er viktig, men at utflytting av eksisterande fagmiljø er feil måte å oppnå dette på. Spreiing av statlege arbeidsplassar bør skje gjennom oppretting av nyetableringar og vekst i eksisterande institusjonar. Det har blitt oppretta 4 000 nye statlege arbeidsplassar i Oslo i løpet av dei siste åra. Å flytta ut 1 200 i eit valår er ikkje distriktspolitikk, det er symbolsk politikk. Om regjeringa hadde meint alvor når dei snakkar om “sterke distrikt” hadde dei ikkje sentralisert Politi, Skatt, Forsvaret og Lånekassen, for så å desentralisera jobbar i Oslo utan fagleg grunngjeving og på tross av erfaringane som vart gjort ved førre utflyttingsprosess.

75-90 prosent av medarbeidarane i dei aktuelle verksemdene kan forventast å seia opp om dei vert flytta, basert på evalueringa av utflyttingsrunden i 2003. Det er altså i realiteten snakk om ei nedlegging av verksemdene i Oslo, før ein bygger dei opp på nytt ein annan stad, frå botnen av.

NTL Ung meiner at dei tilsette sine organisasjonar må involverast i større grad i prosessen med utgreiing av utflytting, i tillegg til sjølve utflyttingsprosessane. Om dette skal kunna skje på ein måte som tek omsyn til faglege og menneskelege behov, er det viktig å involvera dei tilsette i størst mogleg grad.

1 200 arbeidstakarar som har ektefellar, ungar, nettverk og liv i Oslo og omegn er no truga med å rykkast opp med rota for å tena nokre stemmer i eit valår.

Viktige tenester for Noregs befolkning, sentrale samfunnsoppdrag som krev høg kompetanse og stabilitet, kan svekkast over ein periode på fleire år på grunn av ein politisk hestehandel.

NTL Ung meiner at utflytting av arbeidsplassar frå Oslo ikkje bør gjennomførast. Me oppmodar politikarane til å verdsetja dei tilsette sin kompetanse og deira arbeidsinnsats i staten. Regjeringa bør ta omsyn til statstilsette, uavhengig av om dei jobbar i Oslo eller andre stader i Noreg. Å tvangsflytta folk er verken samfunnsøkonomisk fornuftig eller god arbeidsgjevarpolitikk.

Deling