Orginal - Rød

Uttale frå representantskapsmøte: Difor treng me ei tillitsreform

Uttale frå representantskapsmøte i NTL NAV 12 mai om tillitsreform

Ei av dei største satsingane frå regjeringa Støre, er tillitsreforma i offentleg sektor. Regjeringa, arbeidsgjevar og tillitsvalde skal saman fylle reforma med innhald, og NAV har allereie i tildelingsbrevet for 2022 fått i oppdrag å starte arbeidet.
 
Reforma skal gje tilsette i det offentlege meir fridom til å løyse arbeidsoppgåvene ut frå faglege vurderingar og gje eit betre tilbod til innbyggarane. Tillitsreforma handlar ikkje berre om fagleg fridom, men òg om fråvær av detaljert styring, kontroll og overvaking. Det kan ikkje vere eit individuelt ansvar for tilsette å syte for at NAV når måla som er satt
for verksemda. Betre kollektiv påverknad gjennom tillitsvalde, i form av styrka medråderett, er difor avgjerande for å gjennomføre tillitsreforma.
 
De Facto – Kunnskapssenter for fagorganiserte utarbeidde i 2021 ein rapport om tillitsreform i staten på oppdrag for NTL. Ein av hovudkonklusjonane i rapporten, er at det er store forskjellar når det kjem til tillit, medråderett, måling og former for leiing innafor statlege etatar. Dette er i altfor stor grad avhengig av den einskilde leiar sitt syn på og interesse for reell medråderett. Som elles i staten, er det store forskjellar internt i NAV på graden av tillit og medråderett.
 
Tilsette i NAV Kontaktsenter styrast frå ein nasjonal «trafikkstasjon» og tida tilsette er tilgjengeleg på telefon målast på minuttet. Det er eit sterkt fokus på lengda på samtalane og tilsette fortel at det «slås alarm» om ein brukar meir enn fire minuttar på ein samtale eller meir enn åtte minuttar på å skrive notat etter samtalen. Tilsette i NAV Kontaktsenter har låg grad av autonomi og sjukefråværet er høgare enn i resten av etaten.
 
I NAV Arbeid og ytelser har det vore ei utfordring over lang tid at tilsette styrast som om dei arbeider i ein vedtaksfabrikk. Det har vore veldig sterkt fokus på kor mange vedtak den einskilde sakshandsamaren gjer per dag, og mindre på om innhaldet i vedtaket er riktig. På fleire ytingar settast det mål for kor lang sakshandsamingstida skal vere i snitt.
Det kan høyrast fornuftig ut. Men når ein sett måltal på den måten, må tilsette prioritere arbeidsoppgåvene for å få gode tal. Ein handsamar ikkje søknadane i den rekkjefølga dei kjem inn, men handsamar nokre nye og nokre gamle sakar. Slik når ein måltala. For den som har søkt om ytinga, kan ein med litt flaks få handsama søknaden sin med ein gong.
Har ein uflaks må ein vente i fleire månader.
 
Den einskilde rettleiar på dei lokale NAV-kontora har noko meir fridom i korleis jobben skal gjerast. Men styring av arbeidsmarknadstiltak er eit døme på meir detaljert styring. Rammene for dei ulike tiltaka ligg fast, og rettleiarane kan ikkje fritt velje det tiltaket som vil vere best for den einskilde arbeidssøkjaren. Er det ledige plassar på eit tiltak NAV
har kjøpt, blir rettleiarane bede om å finne deltakarar hjå «sine» brukarar. Nokre føler seg då pressa til å finne deltakarar. Det er òg detaljerte reglar for kva tiltak ein kan nytte. Til dømes kan ein som oftast ikkje nytte vidaregåande opplæring eller førarkortopplæring som kvalifiserande tiltak, sjølv om det kan vere det som trengst for å få ein arbeidssøkjar
i arbeid. Detaljerte mål fører til at fokus flyttast bort frå den einskilde brukar sitt reelle behov og over på rapporteringstal. Med stort omfang av detaljerte mål vert det som ikkje er mogleg å sette mål på nedprioritert. Indikatorane for måla blir ofte basert på omfanget av igangsette tiltak, framfor å rapportere på om ein faktisk har fått til å hjelpe brukarane til
ein betre livssituasjon.
 
Det hjelp lite om tilsette får meir tillit når ein er for få tilsette til å løyse oppgåvene. NAV er underfinansiert etter åtte år med borgarleg styre og ostehøvelkutt i budsjetta. Om ein skal lukkast med ei tillitsreform i NAV, må NAV få fleire tilsette og medråderettane må styrkast. Tilsette i NAV må få meir fridom til å løyse arbeidsoppgåvene, finne fornuftige løysingar og hjelpe menneske. NTL NAV er overtydd om at tilsette i NAV kan gjere ein betre jobb om ein gjer dei meir tillit.

Tema