NTL og Lånekassen 70 år!

Trondheim1.JPG

NTL fylte 70 år den 1. november i år. Det har vært 70 år med hardt arbeid for medlemmers rettigheter i arbeidslivet og i privatlivet. I tillegg kan vi feire en annen flott jubilant, nemlig Lånekassen! Ingen andre politiske vedtak har gjort mer for muligheten til at alle skal kunne ta utdanning enn opprettelsen av Lånekassen. Dette hadde ikke vært mulig uten at fagbevegelsen jobbet aktivt for dette! I den anledning valgte vi å kombinere feiringene, og våre studenttillitsvalgte har skrevet en kronikk om Lånekassen.

Vi som studerer i dag er heldige

Ingenting kjem av seg sjølv. Nokon har kjempa for at vi jobbar åttetimarsdag, at vi får stipend i tillegg til studielån, og at vi ikkje har skulepengar ved norske universitet og høgskular.

Av: Marie Træland (Studenttillitsvalgt i NTL Ung, Bergen), Simen André Knuttsøn (Studenttillitsvalgt i NTL Ung, Trondheim) og Lone Lunemann Jørgensen (Studenttillitsvalgt i NTL Ung, Oslo og Akershus)

Lånekassen er eit bursdagsbarn som berre har blitt betre med åra. Frå den spede starten i 1947, kor ein fekk rundt 1000 kroner i året – i lån. Etter andre verdskrigen skulle Noreg byggast opp igjen, og det var eit stort behov for arbeidskraft. Det var viktig for fagbevegelsen, då som no, at utdanning ikkje berre skulle vere noko for dei med tjukk lommebok, men også for vanlege folk. Vegen mot statleg studiefinansiering var eit faktum, og Lånekassen blei oppretta 1.november 1947.

Ideen bak var strålande, og konsekvensane likeins. Vi har aldri vore fleire som tek høgare utdanning i Noreg i dag, og foreldra dine kan like godt vere mekanikarar eller omsorgsarbeidarar som advokatar og legar. Vi som studerer i dag er heldige.

Men – for det er alltid eit men: 75% av oss som studerer, har deltidsjobb utanom studia. Dette er eit problem. Ikkje fordi det er galt å skaffe seg arbeidserfaring, men vi må gjenreise ideen om heiltidsstudenten. Vi i NTL Ung jobbar for at det skal vere så bra som mogleg å vere student. Det er lesesalen som fyrst og fremst er arbeidsplassen vår, og det er der vi lærar det vi skal bidra med i arbeidslivet når vi er ferdige å studere. I tillegg vil vi auke stipenddelen til 50%, binde studiestøtta til to gonger Folketrygda sitt grunnbeløp (G), og ha ei politisk styrt, låg rente på studielånet.

Alt dette er det mogleg å få til. Men slik som alle andre rettar i arbeidslivet og ordningar i velferdssamfunnet, så er det ingenting som kjem av seg sjølv. Nokon har kjempa for at vi jobbar åttetimarsdag, at vi får stipend i tillegg til studielån, og at vi ikkje har skulepengar ved norske universitet og høgskular.

Stadig fleire norske ungdommar er ikkje fagorganiserte, fordi dei ikkje veit kvifor det er lurt. Rettane i arbeidslivet og i studiekvardagen heng saman, og det er vi som studerer i dag som skal bygge landet når vi skal ut i arbeid. Difor ropar vi høgt hurra for Noregs vakraste 70-åring, og ynskjer velkommen på laget til dei som vil vere med å jobbe for eit arbeidsliv for framtida!

Vedlegg:

Deling