Orginal - Rød
NTL NAV står opp for tolkeområdet i NAV.
Foto
Illustrasjon

NTL NAV meiner fortsatt: NAVs tolkeoppdrag må løysast av fast tilsette tolkar

Framleis er det slik at flesteparten av dei faste oppgåvene på tolkeområdet i NAV, løysast av frilanstolkar. I 2022 blei 72% av tolketimane dekka av frilanstolkar på oppdrag frå NAV. No har honorarsystemet vert under lupa og NTL NAV har gitt sitt innspel til høyringssvar.

NTL NAV har fulgt tolkesaka i fleire år. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har no ein rapport ute på høyring. Rapporten ser på honorarsystemet for frilanstolkane og ser på berekning, konsekvensar og mogelegheiter. Blant anna blir det foreslått å auke lønstrinnet honoraret reknast ut ifrå, frå lønstrinn 29 til 38. Det er dermed fortsatt foreslått å dekke tolkeoppgåvene til NAV på billegsal. NTL NAV støtter tiltak som betrer løns- og arbeidsvilkåra til frilanstolkane og er opptekne av det prinsipielle i denne saka. Grunnbemanninga av teiknspråktolkar i NAV må aukast, slik at også faste tolkeoppgåver løysast av fast tilsette.

Eit utdrag frå innspelet: «NTL vil også uttrykke si skuffelse over at regjeringa og Arbeids- og inkluderingsdepartementet som gjennom Hurdalsplattforma skal styrke det trygge, seriøse og organiserte arbeidslivet i Noreg, lar dette skje i eigne rekker. Eit av måla i Hurdalsplattforma er å styrke rettigheiter i arbeidslivet og «tilknytningsformer der hensikten er å omgå arbeidsgiveransvaret, skaper økte forskjeller i arbeidslivet og utrygghet for folk» ønskjer dei å koma til livs. Her må AID sjå til sin eigen etat, NAV, og rydde opp i denne systematiske utnyttinga av frilanstolkar som har føregått i stor skala over mange år.

Rapporten ser på eit honorarsystem for frilanstolkane. Honorarsystemet slik det er i dag er håplaust utdatert og legitimerer underbetaling av frilanstolkane. Det må sjølvsagt rettast i, men som lesaren av dette høyringssvaret sikkert forstår, er NTL meir opptatt av det dysfunksjonelle og uanstendige systemet som frilanstolkane blir offer for og som NAV og AID er ansvarleg for. At dette har fått foregå så lenge i så utstrekt grad er uforståeleg. Dette må det ryddast i, det er allereie på overtid.»

Les gjerne innspelet i sin heilskap, sjå vedlegg nedst i saka.

 

 

Innspel til høyringssvar honorarsystem for frilanstolkar.pdf

Tema
Høringssvar