Orginal - Rød
Frå forsida til NOU 2023:11

Kvantitet er ikkje kvalitet

I mars i år blei den norske offentlege utredninga «Raskt og riktig – En helhetlig gjennomgang av klage- og ankesystemet i Arbeids- og velferdsetaten og Trygderetten» avgitt til Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen. Utredninga viste blant anna at kvaliteten på saksbehandlinga i NAV er for dårleg og at saksbehandlingstida tar for lang tid. I dag er høyringsfrist og NTL NAV har gitt sitt innspel til høyringssvar.

 

I vårt innspel peiker vi til ressurssituasjonen i NAV og at denne sjølvsagt heng saman med kvaliteten på førstegongs vedtaka. Ostehøvelkutta NAV har blitt utsett for i mange år, samt såkalla «gevinstrealisering» lenge før det er nokon gevinst å hente, gjer at blant anna forvaltningseiningane i NAV er underbemanna. Høgt arbeidspress, kvantitetsfokusert målstyring og liten grad av autonomi i arbeidskvardagen er også noko som dessverre for mange NAV-tilsette er ein del av arbeidskvardagen. Alle desse elementa utfordrar saksbehandlinga i NAV, både kvaliteten og tidsbruken.

 

Vi støtter tiltak for forbetrar samhandlinga mellom rettleiarane på NAV-kontor og saksbehandlarane i NAV Arbeid og ytelser for arbeids- og helseytingar. I dag er det for vanskeleg å få kontakt med forvaltningseiningane, både frå brukar og internt. Raske faglege avklaringar eller andre spørsmål som kunne redusert saksbehandlingstida er utfordrande å få til mellom einingane i NAV.

 

Utredninga inneheld ein rekke forslag til tiltak som rettast mot heile sakbehandlingskjeda i NAV og Trygderetten. Dette inkluderer forslag til lovendringar. Desse lovendringane tek mål om å tydeleggjere NAVs plikter i saksbehandling som utvalet ser ikkje har blitt ivaretatt i tilstrekkeleg grad. NTL NAV støtter sjølvsagt forslag som betrer rettssikkerheita til brukarane og hever kvaliteten og tilliten til NAV. Når det er sagt, så er det utfordrande å sjå rekkevidden og konsekvensane av mange av forslaga i dag, men vi følger prosessen vidare med forbetring av arbeidsvilkåra til medlemmane våre som rettesnor.  

 

Frå NTL NAV sitt innspel som kan lesast i sin heilskap nedst:

Det aller viktigste for NTL NAV er at en i tiltakene ser hele saksgangen i sammenheng og

at dette henger nøye sammen når man skal vurdere de forskjellige tiltakene opp mot

hverandre. For at tiltakene i klage- og ankesystemet skal ha effekt må det bli bedre

kvalitet på 1. gangs vedtakene i forvaltningsenhetene. For å lykkes med dette må de

ansatte gis mer tid og rom til å utrede sakene tilstrekkelig. Der mål- og resultatstyring

står i veien for god forvaltningspraksis må de ansatte gis mer tillit og autonomi over egne

arbeidsoppgaver. NTL NAV mener dette går inn i kjernen av hva en tillitsreform i NAV

handler om.

 

 

Innspill høringssvar NOU 2023.11.pdf

Tema
Høringssvar